søndag 4. april 2010

Vassblemmer etter brannskade...

...Er ikkje ille om du er like proff som meg til å handle brannskaden ved hjelp av vatn og snø i pose for nedkjøling av brannsted. Ja, for eg var på fjellet i påska og såg for det meste på TV med talgljos som ljoskjelde. Og da natt til i dag så klarte eg å få få ei brannskade på tommelen. Som eg lett klarte å få dempa smerta på siden eg kan det med å behandle brannskader.

Av popkultur vart det lite av i ferien. Drog med med nokre teikneserier på fjellet, men leste ikkje noko av dei. Leste derimot boka Going Postal av Terry Pratchett. Going Postal er den 29. boka i Discworldserien og den fyrste med Moist von Lipwig som hovudfigur. Det er den tredje Discworldboka eg leser, etter Reaper Man og The Wee Free Men. Men siden eg ikkje leste noko av seriene eg tok med gidder eg ikkje å skrive om ei teikneseriebok i dag. Skriver derfor heller dette innlegget.

Siden eg hadde den fyrste sesongen av Star Trek: Voyager liggendes i TVseriedelen av bok/DVD/spill/blu-rayhylla mi så tok med den og begynte å sjå på den. Serien, til dit eg har kommet (Episode 11/12 (11 om ein anser fyrste episode som ei episode og 12 om ein anser den som to) Heroes and Demons) er svakare en Star Trek: The Next Generation som eg ikkje har sett ferdig enda (har sett sesong 1-5 og har bestilt sesong 6 og 7, så får nok dei i posten om ikkje så alt for lenge). Ein ser iallefall det at Føderasjonen ikkje har fått fiksa det at holodekkene har det med å bryte sammen eller miste sikkerhetssperra si eller noko liknandes. For øyeblikket vandrer Holodoktoren rundt i ein simulasjon av ei verd basert på Beowulf. Kanskje eg skal skrive meire om Star Trek seriene seinare ein gong. Og filmene.

Det er alt eg gidder å skrive no. Buss.

mandag 29. mars 2010

Batman Gothic

Ok, ny, eller rettere sagt gammal (eller halvgammal, bare rundt 20 år) Batmanhistorie av Grant Morrison. Denne her kom på starten av nittitallet og gjekk på trykk i bladet Batman: Legends of the Dark Knight som gjekk inn for nokre år siden og vart erstatta av Batman Confidential. Begge bladene hadde/har historier frå Batmans fortid sjølv om Confidential og har frå andre viktige figurer i Batfamilien. Denne boka samler iallefall Batman: Legends of the Dark Knight #6-#10 og er teikna av Klaus Janson.

Serien handler om at Mr. Whisper ein mann som vart myrda for rundt 20 år siden er tilbake og dreper Gothams mafiabosser. Batman må med det stoppe han og det viser seg og at Mr. Whisper har røtter med Batman/Bruce Waynes barndom.

Historia er bra som vanleg, og eg gidder ikkje å skrive meire. No skal eg legge meg, så stikker eg på fjellet ei uke der eg skal slappe av og nyte livet. ELLER MÅKE SNØ FAEN ASS.

søndag 21. mars 2010

Justice League International

På slutten av åttitallet kom ein relauch av Justice Leauge som no vart skrivvi av Keith Giffen. Denne treiden her av serien samler dei seks fyrste numra der bladet heitte Justice League og nummer sju der dei skifta namn til Justice League International.

Og denne boka tek da før seg starten til denne nye ligaen der dei i starten da består av Batman, Blue Beetle, Guy Gardner, Captain Marvel, Black Canary, Mister Miracle, Dr. Fate og sjølvsagt Martian Manhunter. Og der dei da takler nokre romvesner som vil fjerne alle atomvåpen i verda for å redde oss grunnet det at atomvåpen var det som øydela deiras planet, og med det tek ein tvilsom leder for eit land dei under hans vinger. Dei får eit nytt teammedlem i Booster Gold og må i klensj med Gray Man.

Så etter det går ligaen internasjonalt med at eit medlem går ut av ligaen og dei får med Rocket Red og Captain Atom. Og der slutter vår bok.

Har ikkje lest resten av serien, men dette virker bra så langt. Anbefaler å sjekke ut.

søndag 7. mars 2010

Animal Man: Origin of the Species

Og Grant Morrisons runde på Animal Man fortsatte vidare med stor suksess utover andre halvdel på åttitallet. Og her begynte serien verkeleg å markere seg for det den var kjent som. Denne boka, som er den andre av tre som samler Grant Morrisons runde av serien samler Secret Origins #39 og Animal Man #10-17.

Ein får fyrst her vite om korleis Buddy Baker fekk sine krefter og vart Animal Man. Dette via eit romskip som gav han kreftene. Og etter det er det eit møte med Vixen og han blir "bortført" av gule romvesner før han dukker opp at i Afrika og er med Vixen og bekjemper Hamed Ali, ein som påstår sjølv at han er udødelig.

Ein får så fleire historier blandt anna ei der Animal Man er med økoterrorister og kjemper mot folk som jakter på delfiner.

Som eg har sagt. Animal Man er bra. Og denne samleboka er bra. Sjølv om ein bør ha lest fyrste og ein bør like fyrste før ein går i gang med denne.

søndag 14. februar 2010

Doom Patrol: Down Paradise Way

Og Grant Morrisons runde på Doom Patrol fortsett. Og det er no skiten begynner å bli virkelig rar. Seriøst. Her begynner skiten å bli rarare en det den var. Og det blir bare rarare i volumene etter på. Denne treiden samler #35-#41 av Doom Patrol.

Vi møter no Danny the Street, ei gate som lever og kan kommunisere med folk. Han har og evna til å flytte seg til kva som helst for ein plass over heile verda. Sånn over natta. Og han er transvestitt. Ei levandes gate som er transvestitt. Og han er under angrep av "The Men from N.O.W.H.E.R.E.. Så Doom Patrol må stoppe han. Etter det blir han spurt om han vil være hovudkvarter for Doom Patrol. Ein møter og ein skjeggete fyr som viser seg å være Flex Mentallo.

Også havner dei oppi ein kamp mellom to raser på ein anna planet.

Doom Patrol her begynner å virkelig bli rart og surrealistisk og eg klarer egentlig ikkje heillt å følgje med her. Eg burde egentlig lese serien opp at fleire gonger for å forstå alt. Og symbolikken. Derfor er det moro at siste som blir sagt i denne boka er "Screw symbolism and let' go home."

søndag 7. februar 2010

Northlanders: Sven the Returned

Northlanders er ein vikingserie av serieskaperen Brian Wood som og er kjent for DMZ. Serien består av lausthengandes uavhengige historier sett i vikingtida. Og denne treiden samler dei åtte fyrste blada som da er ei historie kallt Sven The Returned.

Denne historia handler da om Sven som returnerer frå Konstantinopel (eller Istanbul som det også kalles) til Orkneyøyene for å returnere til sin arv. Men. Hans onkel har overtatt alt og Sven blir forvist. Med dette starter kampen hans mot hans onkel og hans undersåtter som ser på han som ein foræder siden han har vore borte. (Plutselig minte dette meg fryktelig om Løvenes Konge).

Og ja dette kan være ein vikingversjon av andre del av Løvenes konge. Bare meire valdeleg og blodig. Og meire sex slengt inn. Dette er jo Vertigo.

Serien er likevel bra og eg liker den. Pluss at det er for få vikingserier. Vikinger er jo badass. Pluss at boka mi er signert av Brian Wood så den har ein ekstra verdi for meg.

søndag 31. januar 2010

Batman: Arkham Asylum - A Serious House on Serious Earth

Batman: Arkham Asylum - A Serious House on a Serious er Grant Morrisons fyrste Batmanhistorie og er meire ein psykologisk analyse av karakteren og den er teknisk sett ikkje kanon i universet. Den er forklart i appendiumet som ein draum som Bruce har. Noko ein og kan merke i teikningane av Dave McKean.

Historia her er at Jokern har tatt over Arkham Asylum og med det kjem Batman for å redde dagen eller natta. Inne der blir det arrangert eit spill av gjemsel der Batman får ein time på seg å gjemme seg siden det er ingen veig ut. Og han møter på si ferd fleire karakterer frå Batmanunivseret. Bare på ein heilt anna måte en det ein er kjent som. Og det meste har blitt snudd til det verre. Two-Face klarer for eksempel ikkje å bestemme enkle ting som å gå på do uten å bruke ein tarotkortstokk. Og ein får og ei innsikt i bakrunnshistoria til huset og Amadeus Arkham som grunnla galehuset.

Boka er god. Kjempegod. Og ekkel. Grunnet den fantastiske kunsten til Dave McKean. Historia kan dog virke for pretensiøs og djup med overbruk av metaforer og psykologiske avstikkere. Men det er likevel ei bok det er verdt å lese. Om så bare for å kunne si at ein har lest den.